Visjera i Perm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Visjera (russisk Вишера) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.
Elva har ei lengd på 415 km og eit nedslagsfelt på 31 200 km².
Elva spring ut frå vestsida av dei nordlege Uralfjella. Elva startar som ei rask fjellelv og renn gjennom ein trong dal med mange stryk. Det er fleire karstformasjonar i nedslagsfeltet.
Dei største sideelvane hennar er Jazva og Kolva.
Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i november, og vert isfri att mot slutten av april. Elva vert nytta som transport til byen Krasnovisjerska. I nedslagsfeltet til Visjera finst det førekomstar av diamantar.
Den øvre delen av elva renn gjennom Visjeskijreservatet.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Вишера (приток Камы)» frå Wikipedia på russisk, den 17. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads