Perm kraj
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Perm kraj[a] er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Perm, arealet er 160 236 km² og innbyggjartalet er 2 508 239 (2023). Perm kraj vart danna ved samanslåinga av Perm oblast og Komi-Permjakia den 1. desember 2005.

Perm kraj ligg helt i aust i Europa der den store russiske sletta møter Uralfjella. Det høgste punktet er 1469 meter over havet, og ligg i Ural-fjella.
Remove ads
Historie
Russisk busetjing i dette området starta på 1500-talet. I 1780 vart provinsen Perm oppretta. Perm oblast vart oppretta i 1938. Det autonome området Komi-Permjakia var underlagt Perm oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Komi-Permjakia eit eige føderasjonssubjekt, sjølv om det framleis var tilknytt Perm oblast. I oktober 2004 vart det avheldt ei folkerøysting om full samanslåing av dei to områda, og framlegget om dette fekk fleirtal.
Remove ads
Folkesetnad
Folketalet i Perm kraj er minkande. Det minka med 4,5 % frå 1990 til 2003 (frå 3 042 000 i 1990). Dei største byane er Perm (991 200 ibuarar) og Berezniki (156 500).[1]
Den største delen av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
Merknader
- russisk Пермский край Permskij kraj
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads