Vjatsjeslav Skomorokhov
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vjatsjeslav Semjonovitsj Skomorokhov (4. oktober 1940–5. november 1992) var ein friidrettsutøvar frå Starobilsk som 1969 vart europameister på 400 meter hekk. Han representerte Sovjetunionen.
Remove ads
Karriere
Skomorokhov deltok i EM i friidrett 1966 i Budapest på 110 meter hekk, der han vart nummer 7 på 14,2 sekund. Sidan gjekk han over til å tevle i 400 m hekk, sovjetmeister i fire år på rad frå 1968. Under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen hausten 1968 sette han personleg rekord på 49,61 i semifinalen. I finalen sprang han sitt livs løp og vart femtemann på tida 49,12, sekundet bak David Hemery som sette verdsrekord, men berre eitt tidels sekund bak sølvvinnaren.
Etter å ha vunne den sovjetiske meisterskapen i 1969 på 49,1 sekund, reiste Skomorokhov til europameisterskapen i Aten som ein av favorittane. Han innfridde og vann gullmedaljen på 49,7 sekund, fire tidelar framom John Sherwood frå Storbritannia. To år seinare enda Skomorokhov på sjuandeplassen i langhekk-finalen ved EM i friidrett 1971.
Skomorokhov var nesten dauv, han kunne såvidt høyre smellen frå startpistolen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Wjatscheslaw Semjonowitsch Skomorochow» frå Wikipedia på tysk, den 27. august 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads