Friidrett under Sommar-OL 1968

From Wikipedia, the free encyclopedia

Friidrett under Sommar-OL 1968
Remove ads

Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1968 i Mexico by vart avvikla i tida 13. til 20. oktober 1968. Det vart tevla i 36 øvingar, 24 for menn og 12 for kvinner. 1031 utøvarar frå 93 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på Estadio Olímpico Universitario, eit anlegg byg i 1952 som i dag har plass til vel 63 000 tilskodarar.

Thumb
Estadio Olimpico Universitario

I den store høgda, 2 200 meter over havet, vart det sett ei rad med verdsrekordar. Særleg i sprintøvingane og øvingane for menn vart mange verdsrekordar forbetra. Den olympiske meisteren på 100 meter, Jim Hines frå USA, tangerte den offisielle verdsrekorden på manuell tid med 9,9 sekundar, og vart samstundes med 9,95 den fyrste som fekk registrert ei elektronisk tid under 10,00 på distansen. På kvinnene sin 100 meter forsvarte Wyomia Tyus frå USA OL-gullet med verdsrekord på 11,0, elektronisk tid 11,08. Tommie Smith, også USA, forbetra verdsrekorden på 200 m for menn, polske Irena Szewińska gjorde det same på kvinnene sin 200 m. Lee Evans frå USA vart fyrstemann under 44 sekundar på 400 meter, medan britiske David Hemery forbetra verdsrekorden på 400 m hekk. Australiaren Ralph Doubell tangerte verdsrekorden på 800 meter. USA sine lag på 4 x 100 m stafett for kvinner og menn, samt 4x 400 m stafett for menn, pynta alle på dei eksisterande verdsrekordane. Viorica Viscopoleanu frå Romania forbetra verdsrekorden i lengdehopp for kvinner. Langt større åtgaum vekte det at USA-amerikanske Bob Beamon forbetra verdsrekorden i lengdehopp for menn med heile 55 centimeter til 8,90 m. I tresteghopp vart verdsrekorden forbetra fem gongar av tre ulike utøvarar gjennom kvalifiseringa og finalen. Til sist vart Viktor Sanejev frå Sovjetunionen olympisk meister på sitt andre og siste rekordhopp. Margitta Gummel frå Aust-Tyskland sette ny verdsrekord i kulestøyt for kvinner. Størst åtgaum fekk likevel den olympiske meisteren i høgdehopp, Dick Fosbury frå USA, som sette olympisk rekord med si nyskapande hoppmetode der han i satspunktet vende ryggen mot lista. Den nye stilen, den såkalla Fosbury-floppen, skulle i løpet av ein periode på litt over ti år verte heilt dominerande mellom høgdehopparar.

Friidrettstevlingane vert elles hugsa for Black Power-protesten under sigersseremonien på 200 meter for menn. Gullvinnaren Tommie Smith og bronsemedaljøren John Carlos reiste begge høgrearmen i veret med ein svart hanske under avspelinga av den USA-amerikanske nasjonalsongen, ein protest mot rasediskrimineringa i heimlandet. Dei vart nekta å delta vidare i leikane.

Remove ads

Menn

100 meter

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 14. oktober

200 m

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 16. oktober

400 m

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 18. oktober

800 m

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 15. oktober

1500 m

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 20. oktober

5 000 m

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 17. oktober

10 000 m

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

14. oktober

Maraton

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

20. oktober

110 meter hekk

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 17. oktober

400 m hekk

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 15. oktober

3 000 m hinder

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 16. oktober

4 × 100 meter stafett

Meir informasjon Plass, Land ...

Finale: 20. oktober

4 × 400 m stafett

Meir informasjon Plass, Land ...

Finale: 20. oktober

20 km kappgang

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

14. oktober

50 km kappgang

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

17. oktober

Høgdehopp

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 20. oktober

Stavhopp

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 16. oktober

Lengdehopp

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 18. oktober

Tresteghopp

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 17. oktober

Kulestøyt

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 14. oktober Randy Matson sette olympisk rekord med 20,68 meter i kvalifiseringa.

Diskoskast

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 15. oktober

Sleggjekast

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 17. oktober

Spydkast

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 16. oktober

Tikamp

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

18./19. oktober

Remove ads

Kvinner

100 meter

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 15. oktober

200 m

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 18. oktober

400 m

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 16. oktober

800 m

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 19. oktober

80 meter hekk

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 18. oktober

4 × 100 meter stafett

Meir informasjon Plass, Land ...

Finale: 20. oktober

Høgdehopp

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 17. oktober

Lengdehopp

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 14. oktober

Kulestøyt

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 20. oktober

Diskoskast

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 18. oktober

Spydkast

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

Finale: 14. oktober

Femkamp

Meir informasjon Plass, Utøvar ...

15./16. oktober

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads