Vladimir Vernadskij

russisk/sovjetisk mineralog og geokjemikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Vladimir Vernadskij
Remove ads

Vladimir Ivanovitsj Vernadskij (12. mars 18636. januar 1945) var ein russisk (sovjetisk) mineralog og geokjemikar.

Han var professor ved universitetet i Moskva 1890–1911. Han grunnla det biogeokjemiske laboratoriet ved Vitskapsakademiet i Leningrad, som han òg leia i åra 1928–45. Han vert rekna som ein av grunnleggjarane av dei geokjemiske og biogeokjemiske vitskapane.

Ideane hans om noosfæren var eit viktig bidrag til russisk kosmisme. Han arbeidde òg i Ukraina under den russiske borgarkrigen, der han grunnla Det ukrainske vitskapsakademiet. I 1943 fekk han Stalinprisen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads