Vyborg
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vyborg[a] er ein by i Leningrad oblast i Russland, i ein del av det området som Finland måtte avstå til Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Vyborg ligg ved Finskebukta på Det karelske neset. Hovudgata i Vyborg er Lenina prospekt, under finsk styre vart gata kalla Torgilsgatan / Torkkelinkatu.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Viborg i Danmark.
Remove ads
Historie
Vyborg vart grunnlagd av Torgils Knutsson i 1293 som ein del av den svenske ekspansjonen austover, i sentrum av ein gamal karelsk busetnad og eit handelssentrum frå 900-talet. Etter den store nordiske krigen, i tida frå 1721 til 1812, var byen ein del av Russland, då grensa mellom Finland og Russland vart dregen på nytt, aust for Vyborg.

Etter at Finland vart sjølvstendig i 1917 var Viborg den tredje største byen i riket, med rykte på seg som ein internasjonal by. Sovjetunionen klarte aldri å okkupere Viborg, men i Moskvafreden etter den finske vinterkrigen måtte Finland gje frå seg det karelske neset, og dimed Viborg òg, til Sovjetunionen. Deretter tok Finland Viborg attende, i 1941, før dei måtte gje frå seg byen på nytt 1944 i slutten av den finske framhaldskrigen. Ved Parisfreden 1945 vart byen sovjetisk. Innbyggjarane vart evakuerte, hovudsakleg til Lahti, og Sovjetunionen folkesette byen med eigne borgarar.
Remove ads
I dag
Dagens Vyborg er eit populært turistmål blant finnar, og det er lett å reise til Vyborg både med buss og tog. Byen har gamle finske bygningar i temmeleg dårleg forfatning, det mest kjende er Vyborg bibliotek, teikna av Alvar Aalto. Byen er prega av at han ligg nær grensa, på ein blindveg i sovjettida, med grensevakter og industriarbeidarar som dominerande yrkesgrupper.
Kjende stader
Den viktigaste kjende staden er Vyborg slott frå slutten av 1200-talet. Rundt byen var det òg, som den einaste finske byen, ein mellomaldermur, som vart riven på 1800-talet, men der delar står att, mellom anna Rådhustårnet og Rundetårnet.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads