Waal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Waal
Remove ads

Waal er den største bielva til Rhinen og renn gjennom sentrale område av Nederland med ei lengd på 80 km før ho renn i saman med Afgedamde Maas nær Woudrichem og dannar Boven-Merwede. Ho er ei stor elv og den viktigaste transportåra til hamna i Rotterdam og Tyskland. Av byar langs elva finn ein Nijmegen, Tiel, Zaltbommel og Gorinchem. Elva fører 65 % av den totale vassmengda i Rhinen.

Kjappe fakta Land, Renn gjennom ...
Remove ads

Historie

Namnet Waal, i romartida kalla Vacalis, Vahalis eller Valis, seinare Vahal, er av germansk opphav og er kalla opp etter dei mange meandera i elva (gammalgermansk wôh, «krum»).

Den noverande elva viser få teikn etter desse store svingane sidan elva har vorte retta opp i løpet av mange prosjekt frå 1700- til 1900-talet for å betre elvefarten på elva. Nokre av svingane som ikkje lenger heng saman med elva er framleis synleg nær elva og i flaumsituasjonar vert dei stundom igjen delar av elva.

Waalsvingen i Zuid-Holland

I mellomalderen vart namnet Waal nytta om elva etter ho rann saman med Maas. Denne delen heiter i dag Boven Merwede. Beneden Merwede og den øvre delen av Noord vart òg kalla Waal. Nær Hendrik-Ido-Ambacht heldt hovudleia fram vestover til ho rann saman med elva Oude Maas nær Heerjansdam. Det siste strekket forbi Hendrik-Ido-Ambacht, mellom øyane IJsselmonde og Zwijndrechtse Waard vert framleis kalla Waal.[1] Elva er demd opp i begge ender.

Remove ads

Bruer

Jernbanebruer går over øya mellom Nijmegen og Nijmegen Lent, og mellom Zaltbommel og Geldermalsen

Vasskvalitet

Waal har særs dårleg vasskvalitet på grunn av utslepp av rå kloakk i Frankrike, Tyskland og Belgia.[2] Fleire patogen har oppstått i elva på grunn av desse utsleppa.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads