HaBesorelva

From Wikipedia, the free encyclopedia

HaBesorelva
Remove ads

HaBesor (hebraisk נחל הבשור, Nahal HaBesor) er ein wadi sør i Israel. Elva byrjar ved fjellet Boker (nær Sde Boker) og munnar ut i Middelhavet nær Deir al-BalahGazastripa, der ho vert kalla Wadi Gaza. Elva er den største i det nordlege Negev, og i lag med dei største sideelvane, Grar og Beersheba, når ho heilt til Sde Boker, Yeruham, Dimona og Arad/Tel Arad.[1] Mykje av vatnet i Wadi Gaza vert nytta i Israel ved hjelp av dammar,[2] og er den einaste større vasskjelda på Gazastripa[3] Wadi Gaza renn gjennom eit våtmarksområde, Gazadalen, som i 2012 vart nytta til å dumpe avfallsvatn.[4]

Thumb
Raud Anemone coronaria nær HaBesorelva. Typisk for regionen.
Kjappe fakta Land, Koordinatar ...
Remove ads

Historie

I Gamletestamentet var Besor ei kløft eller ei elv heilt sørvest i Judea, der 200 av mennene til kong David vart verande att fordi dei var utmatta, medan 400 andre forfølgde amalekittane[5][1]

Geografi

HaBesor strekkjer seg frå den israelske grensa ved Gazastripa til Urim kibbutz i sør. Sletta som elva renn over ligg 70-80 meter over havet.[1]

Sideelvar frå sør til nord er HaRo'e Stream, Boker, Mesora, Zalzal, Revivim, Atadim, Beersheba, Grar, Assaf, Amar, Sahaf og Wadi Abu Katrun.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads