Dimona
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dimona (hebraisk skrift דִּימוֹנָה) er ein by i Negevørkenen i Israel, 36 km sør for Beersheba og 35 km vest for Daudehavet oppom Aravadalen i Det sørlege distriktet. I 2007 hadde han 33 600 innbyggjarar.[1]
Remove ads
Etymologi

Bynamnet kjem frå ein bibelsk by, nemnt i Josva 15:21-22.
Historie
Dimona var ein av utviklingsbyane grunnlagd i 1950-åra under den første statsministeren i Israel, David Ben-Gurion. Dimona vart først påtenkt i 1953 og busett i 1955, hovudsakleg av nordafrikanske immigrantar, som òg bygde husa i byen.
Då det israelske kjerneforskingsprogrammet starta seinare på tiåret, vart ein stad i nærleiken i byen valt for Negev kjerneforskingsanlegg fordi han låg relativt isolert til i ørkenen og hadde tilgjengelege bustader.
Trass i ein gradvis auke i 1980-åra, brja folketalet først å vokse då russiske immigrantar kom til landet i 1990-åra. I dag er Dimona den tredje største byen i Negev, med eit folketal på 33 900. På grunn av ein venta folkeauke i Negev, er det venta at folketalet vil tredoble seg innan 2025.[2]
Remove ads
Geografi og klima
Dimona ligg i ei høgd på kring 550-600 meter over havet. Han ligg i Negevørkenen og har derfor ørkenklima med låg luftfukt det meste året og lite nedbør. Somrane er steikande med ein normal maksimumstemperatur i august på kring 33 ºC, den varmaste månaden i året. Årsmiddelnedbøren er kring 100 mm, og det meste av nedbøren kjem om vinteren.[3]
Venskapsbyar
Dimona er venskapsby med:
Andernach i Rheinland-Pfalz i Tyskland (1975)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads