Walter Abish

amerikansk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Walter Abish (24. desember 193128. mai 2022) var ein austerriksk-amerikansk forfattar.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv

Abish var fødd i Wien, men den jødiske familien hans måtte flykta frå forfølginga til nazistane.[1] Dei kom seg til Shanghai der dei var frå 1940 til 1948; store delar av tida under japansk styre i det Abish omtalte som ein getto.[1] Deretter budde dei fleire år i den nyoppretta staten Israel.[1] Abish flytta til USA i 1957, og blei amerikansk statsborgar i 1960.[2]

Abish gifta seg med fotografen og bilethoggaren Cecile Gelb i 1953. Han var gift med henne livet ut. Dei hadde ingen barn.[2] Han døydde på Manhattan i New York i 2022.[1]

Remove ads

Forfattarskap

Dei fyrste bøkene hans, mellom anna Alphabetical Africa (1974), er prega av ein postmodernistisk leikenheit. Boka følgjer visse alliterative reglar der fyrste kapittel berre inneheld ord som byrjar med A, andre kapittel berre ord som byrjer med a eller b, neste kapittel legg også til ord med c, og så bortetter. Etter 25 kapittel kan Abish ei kort tid skriva uhemma.[3] Deretter følgjer 52 nye kapittel der bokstavar blir fjerna i omvendt rekkefølgje.[4]

Gjennombrotet hans kom med romanen How German Is It? (1980, ‘Kor tysk er det?’), om ein forfattar som vendar tilbake til det «nye» Tyskland og bror hans, som er arktitekt, med bomber som går av i bygg han har utforma. Boka blir fortalt med ulike indre monologar og frå mange ulike synsvinklar. Abish fortsette dei språkleg elegante satirane sine i den siste romanen sin, Eclipse Fever (1993), som fekk ei blanda mottaking.

Remove ads

Verk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads