Warbah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Warbah (arabisk جزيرة وربة) er ei øy som høyrer til Kuwait i Persiabukta, nær munningen til Eufrat. Ho ligg kring 100 meter aust for det kuwaitiske fastlandet, 1,5 km nord for Bubiyan og 1 km sør for det irakiske fastlandet. Øya er kring 15 km lang og 5 km brei med eit eral på kring 37 km². Ho er hovudsakleg ei stor slamflate.
Warbah har ikkje fastbuande, men staten har ein kystvaktpost kalla M-1 på øya, delvis finansiert av Dei sameinte nasjonane.[1]
I november 1994 akspeterte Irak formelt den SN-teikna grensa mot Kuwait, og dette enda formelt eit tidlegare krav på Warbah.[2]
Tidleg i desember 2002, i opptakten til invasjonen av Irak i 2003, opna eit irakisk skip eld mot to kuwaitiske kystvaktpatruljar nær øya, slik at dei kolliderte. Ein amerikansk tenestemann og to kuwaitiske menn i kystvakta vart skadde i åtaket.[3][4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


