Warren Ellis
australsk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Warren Ellis (fødd 14. februar 1965)[1] er ein australsk musikar og komponist. Han er mest kjend som medlem av fleire grupper: Dirty Three, Nick Cave and the Bad Seeds og Grinderman. Han har òg komponert filmmusikk i lag med Nick Cave. Ellis spelar fiolin, piano, trekkspel, bouzouki, gitar, fløyte, mandolin, tenorgitar og bratsj.[2][3] Han har vore medlem av Nick Cave and the Bad Seeds sidan 1994.[4][5]
Remove ads
Karriere
Ellis var fødd i Ballarat i Victoria i Australia.[6] Han har sagt at det var tilfeldig at han byrja med musikk. Då han leika på den lokale søppeldynga fann han eit trekkspel. Han tok det med seg til skulen og læraren hans viste han korleis han skulle spele på det.[7] Han lærte seg seinare å spele klassisk fiolin og fløyte på skulen i Ballarat.
Etter at han vann eit stipend til ein privat vidaregåande skule,[8] studerte Ellis ved universitetet i Melbourne, der han studerte klassisk fiolin. Etter dette arbeidde han ei kort stund som lærar i Victoria. I januar 1988 reiste han til Europa, der han spelte som gatemusikar i Hellas, Ungarn, Skottland og Irland. Eit år seinare kom han attende til Australia.[6][9] Ellis skreiv så musikk for teatergrupper og spelte på kunstopningar og skodespel i Melbourne, før han byrja å spele med band tidleg i 1990-åra.[3][10]
I 1992 skipa Ellis The Dirty Three med gitaristen Mick Turner og trommeslagaren Jim White. Fram til 2018 har bandet spelt inn ni studioalbum, inkludert fleire som har gått inn på den australske albumlista.
I 1993 vart Ellis inviterte med på ei innspeling med Nick Cave and the Bad Seeds som ein del av eit lite strykeensemble for fleire songar på Let Love In (utgjeve 1994). Han vart etter kort tid fulltidsmedlem i bandet, og spelte i starten særleg fiolin, men gjekk gradvis òg over til andre instrument. Ellis kom sidan til å vere medlåtskrivar på fleire av songane til bandet og vart ein viktig bidragsytar i lag med songaren Nick Cave for filmmusikk- og andre prosjekt. Ellis var òg medlem av Grinderman, ei sidegruppe frå The Bad Seeds, som har gjeve ut to album.[3]
I 2002 gav Ellis ut eit soloalbum på King Crab records kalla Three Pieces for Violin. Sidan 2005 har han spelt på fleire album med Marianne Faithfull. Nick Cave og Warren Ellis komponerte den prisvinnande musikken for filmen The Proposition,[11] og samarbeidde igjen på musikk for The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford,[12] The Road,[13] og Far from Men.[14]
I 2009 gav Nick Cave og Warren Ellis ut White Lunar – eit album med anna filmmusikk.[15]
Ellis har budd i Paris sidan 1998 med ein fransk kone og dei to barna deira.[16][3]
Remove ads
Diskografi
Soloalbum
- Three Pieces for Violin (2002)
Solomusikk
- Mustang, filmmusikk (2015)
- Django, filmmusikk (2017)
- This Train I Ride, filmmusikk (2019)
- Purple Perilla, bokmusikk (2021)[17]
Samarbeid med Nick Cave
- Woyzeck, teatermusikk (2005), tilpassa av Gísli Örn Gardarsson
- The Proposition, filmmusikk (2005)
- Metamorphosis, teatermusikk (2006)[18]
- The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford, filmmusikk (2007)
- The English Surgeon, filmmusikk (2007)
- The Road, filmmusikk (2009)
- The Girls of Phnom Penh, filmmusikk (2009)
- Lawless filmmusikk (2012)[19] composed with Nick Cave
- Days of Grace, filmmusikk (2012), med Nick Cave, Atticus Ross, Claudia Sarne, Leopold Ross & Shigeru Umebayashi
- West of Memphis, filmmusikk (2013)
- Loin des Hommes, filmmusikk (2015)
- Hell or High Water, filmmusikk (2016)
- War Machine, filmmusikk (2017)
- Wind River, filmmusikk (2017)
- Kings, filmmusikk (2017)
- Carnage, studioalbum (2021)
Andre samarbeid
- The Blackeyed Susans - All Souls Alive (1993)
- Kim Salmon - Hey Believer (1994)
- David McComb - Love of Will (1994)
- Spelte live musikk for neo-burlesque-artisten Maya Sinstress i 2000
- Cat Power - You Are Free (fiolin på «Good Woman») (2003)
- Loene Carmen - Slight Delay (2004)
- «Crazy Love» by Marianne Faithfull/Nick Cave, med Isabelle Huppert på Before the Poison (2005)
- «Hell's Coming Down» frå Primal Scream - Riot City Blues (2006)
- Theo Hakola - Drunk Women and Sexual Water (2008)
- Jim Yamouridis - Into the Day (2011)
- «Pirate Jenny» med Shilpa Ray og Nick Cave på Son of Rogues Gallery: Pirate Ballads, Sea Songs & Chanteys (2013)[20]
- Marianne Faithfull - Give My Love to London (2014)
- «Stepkids» frå The Avalanches-albumet Wildflower (2016)
- «A Common Truth» av Saltland (Rebecca Foon) (2017)
- «Le Brasier Shelley» med Augustin Viard, kinofilm med Marianne Faithfull og Gaspard Ulliel, France Culture (2018)[21]
- Fem spor på Amadjar av Tinariwen[22]
- Marianne Faithfull - She Walks in Beauty (2021)[23]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads