Washington Allston

From Wikipedia, the free encyclopedia

Washington Allston
Remove ads

Washington Allston (5. november 17799. juli 1843) var ein USA-amerikansk diktar og målar, fødd i Waccamaw i Sør-Carolina. Han var ein pioner i nordamerikansk landskapsmåling. I samtida var han kjend for si eksperimentering med dramatiske motiv og sin dristige bruk av lys og atmosfæriske fargar.

Kjappe fakta
Thumb
Månelyst landskap, 1809
Remove ads

Liv og gjerning

Allston tok eksamen ved Harvard College i 1800. Han reiste deretter til Europa, der han dei neste tre åra studerte kunst ved Royal Academy of Arts i London, ein institusjon som då vart leia av den anglo-amerikanske målaren Benjamin West. Frå 1803 til 1808 besøkte Allston store museum i Paris og deretter i Italia. I Italia møtte han Samuel Taylor Coleridge og dei to vart venner for livet. Samuel Morse, ein av Allstons kunststudentar fylgde han til Vest-Europa i 1811. Etter reisa gjennom Vest-Europa busette han seg i London, der han mottok prisar for bileta sine. I 1813 gav han ut diktverket The Sylphs of the Seasons, with Other Poems.

Allston vart av og til kalla «Den amerikanske Tizian», ettersom stilen hans minte om den store venetianske renessansemålaren. I tillegg nytta han dei same dramatiske fargekontrastane som Tizian. I 1818 reiste Allston tilbake til USA, og budde i Cambridge i Massachusetts til han døydde i 1843, 64 år gammal. Han var onkel til målarane George Whitng Flagg og Jared Bradley Flagg, begge desse gjekk i lære hos Allston.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads