We'll Talk About It Later
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
We'll Talk About It Later er det andre studioalbumet til den britiske jazzfusiongruppa Nucleus, gjeve ut i mars 1971.
Det vart spelt inn 21. og 22. september 1970.
Plateomslaget vart laga av Roger Dean og syner eit bilete, valt ut av Ian Carr, som syner ein republikansk barrikade frå det irske opprøret 1916 i Dublin. Dette var eit tema som gjekk att på tidlege Nucleus-albuma og er referert til i titlane på fire spor på dei tre første albuma deira. På dette albumet heiter eine sporet «Easter 1916».
Albumet har ein av få songar av Nucleus med vokal, «Ballad of Joe Pimp», sungen av gitaristen Chris Spedding.
Allmusic skreiv om albumet: «Med Carr sine lange trompet- og flygelhorntonar, Jenkins sin gjennomborande obo og funk-aktige klaverspel, Spedding sin rocka wah-wah-gitar, Smith sin uhemma saksofon og det kraftfulle rytmiske fundamentet til trommeslagaren Marshall og bassisten Jeff Clyne, bør denne utgåva av Nucleus appellere til ein kvar fan av fusion frå seint i 1960- og tidleg i 1970-åra - om det er den britiske Soft Machine-varianten eller den amerikanske Miles Davis-skulen.»[1]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Karl Jenkins - barytonsaksofon, obo, piano, elektrisk piano
- Jeff Clyne - bass
- John Marshall - trommer, perkusjon
- Brian Smith - fløyte, tenorsaksofon, sopransaksofon
- Chris Spedding - gitar, bouzouki, vokal på spor 6.
- Ian Carr - trompet, flygelhorn
- Teknisk
- Pete King - produsent
- Roger Wake - lydteknikar
- Roger Dean - plateomslag
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads