Brian Smith
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brian Smith (fødd 3. januar 1939) er ein jazzsaksofonist og fløytist frå New Zealand.
Smith lærte seg å spele piano som ung, men var i stor grad sjølvlærd på blåseinstrument. Han spelte i lokale pop- og jazz-grupper før han flytta til England i 1964, der han spelte i Alexis Korner sitt Blues Incorporated. Etter dette spelte han på Ronnie Scott's Jazz Club i 1966-67 og i storbanda til Tubby Hayes (1969) og Maynard Ferguson (1969-74). Han var medlem av gruppa Nucleus frå 1969 til 1982, og spelte med Mike Westbrook (1969), Neil Ardley (1969, 1976), Mike Gibbs (1970), Spontaneous Music Ensemble (1970-71), Keith Tippett (1971), Pacific Eardrum i 1975-76 og Paz i 1976.
I 1982 reiste Smith attende til New Zealand, der han spelte i sin eigen kvartett. Albumet hans Southern Excursions frå 1984 vart kåra til årets australske jazzalbum det året.[1] Han arbeidde med Frank Gibson jr. seinare i 1980-åra med base i Auckland. Albumet hans Moonlight Sax gjekk inn på albumlista i New Zealand.
Remove ads
Diskografi
- Southern Excursions (Ode Records (New Zealand), 1984)
- Moonlight Sax (Ode, 1990)
- Moonlight Sax 2 (Ode, 1991)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads