We Three Kings
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«We Three Kings», opphavleg kalla «Three Kings of Orient» og også kjend som «We Three Kings of Orient Are» og «The Quest of the Magi», er ein amerikansk julesong skriven av John Henry Hopkins Jr. i 1857. På tida då han skreiv songen var Hopkins prest ved Christ Episcopal Church i Williamsport i Pennsylvania, og skreiv songen for eit julespel i New York. Dette var den fyrste julesongen skriven i USA som blei vidt utbreidd.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Då han skreiv «We Three Kings» i 1857 var John Henry Hopkins Jr. prest (rector) ved Christ Episcopal Church i Williamsport i Pennsylvania.[2][3] Opphavleg hadde han vore journalist i New York, og studert til å bli advokat,[4][5] men han valde å gå inn i prestestanden etter å ha gått ut frå University of Vermont.[6] Hopkins blei student ved General Theological Seminary i New York, og blei utnmend til diakon etter å ha gått ut derfrå i 1850. Han blei den fyrste musikklæraren ved seminaret fem år seinare, og sat i stillinga til 1857, i tillegg til prestegjerninga si.[7][6]
Det siste året sitt som lærar ved seminaret[6] skreiv Hopkins «We Three Kings» for ei juleførestilling som skulle haldast der.[8] Til skilnad frå samtidige julesongar blei både tekst og melodi skrive av Hopkins.[3][9] Den opphavlege tittelen var «Three Kings of Orient», og han blei sungen innan familie- og vennesirkelen hans. Songen var mykje omtykt blant dei, og Hopkins bestemte seg difor for å gje han ut i 1863 i boka si Carols, Hymns, and Songs.[9] Dette var den fyrste julesongen frå USA til å få utbreidd popularitet,[1] og den fyrste til å bli teken med i Christmas Carols Old and New, ei «prestisjefull»[9] og «innverknadsrik»[10] julesongsamling gjeven ut i Storbritannia.[9] I 1916 blei songen teken med i salmeboka til Episcopal Church; utgåva frå dette året var den fyrste som hadde ein eigen del for julesongar.[4] «We Three Kings» blei også teken med i Oxford Book of Carols frå 1928, som lovprisa songen som «one of the most successful of modern composed carols».[11]
John Henry Hopkins Jr. komponerte songen slik at tre mannstemmer kunne synga kvar sitt vers solo som kvar av dei tre kongane i juesoga.[12] Det fyrste og det siste verset blir sunge av alle tre som lovsongvers, medan versa mellom dei blir sungne av kvar konge som fortel kva gåver han har med seg.[13] Omkvedet lovpriser venleiken til Betlehemsstjerna.[2]
Remove ads
Tekst
[som trykt i Hopkins, Carols, Hymns, and Songs, 1. utg., 1863]
All | WeThree Kings of Orient are, |
Refrain |
|
Gaspard | Born a King on Bethlehem plain, |
Melchior | Frankincense to offer have I, |
Balthazar | Myrrh is mine; its bitter perfume |
All | Glorious now behold Him arise, |
Melodi

Remove ads
Innspelingar
Songen er blitt spelt inn av ulike artistar og grupper innan jazz, rock og reggae:
- Percy Faith på Hallelujah! (1958)[14]
- Ramsey Lewis (1964)[15]
- Joan Baez på Noël (1966)
- The Beach Boys på The Beach Boys' Christmas Album (1964)[16]
- Nitty Gritty Dirt Band på The Christmas Album (1997)
- Blondie (2009)[17]
- Rod Stewart og Mary J. Blige på Merry Christmas, Baby (2012)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads