We Write the Story

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«We Write the Story» er ein song skriven av dei svenske tidlegare ABBA-medlemmane Björn Ulvaeus og Benny Andersson og den svenske DJ-en og plateprodusenten Avicii. Kven som framførte songen er ikkje kjend, men på iTunes står «Avicii & B&B & Choir» oppført som artist. Songen var hymnen til Eurovision Song Contest 2013, og vart framført for fyrste gong under finalen 18. mai 2013.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Utgjeving og bakgrunn

15. april 2013 annonserte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at Ulvaeus, Andersson og Avicii skulle skrive ein hymne til Eurovision Song Contest 2013.[1][2] Idéen til ein «Eurovisjonshymne» til Eurovision Song Contest 2013 var der frå ein starta planlegginga av tevlinga. Dei tre låtskrivarane hadde heile tida vore på toppen av lista over musikarar Sveriges Television (SVT) ville samarbeide med. Produsenten Martin Österdahl sa:

«Me er ekstremt glad for å annonsere at Benny, Björn og Avicii vil skrive eit unikt musikkstykke til Eurovision Song Contest 2013».[3]

Andersson og Ulvaeus, som var ein del av ABBA saman med Agnetha Fältskog og Anni-Frid Lyngstad, sa at dei var samd med SVT og deira «visjon for tevlinga». Samarbeidet vart hylla som ein «union mellom dei to største musikalske eksportørane i Sverige».[3]

Remove ads

Kjelder

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads