Weybridge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Weybridge er ein by i grevskapet Surrey i England. Han har kring 19 500 innbyggjarar og grenser i nord til elva Themsen ved munningen til elva Wey, som byen er kalla opp etter. Byen ligg innanfor pendlarbeltet kring London.
Dei fyrst nedskrivne formene av namnet stammar frå 600-talet, der staden blir kalla Waigebrugge og Weibrugge.[1] Weybridge er nemnd i Domesday Book frå 1086 som Webrige og Webruge,[2] og i seinare dokument som Waibrigge og Wabrigge på 1100-talet og Wybrugge og Weybrugge på 1200-talet. Namnet tyder ganske enkelt 'bru over Wey'.[1]
Remove ads
Historie


I 1086 var staden var då delvis eigd av klosteret Chertsey Abbey og delvis av biskop Odo av Bayeux, som var halvbror til Vilhelm erobraren, og ein føydal undersått av han, Herfrid av Throwley.[2][3]
Etter oppløysinga av klostera fekk Weybridge familien Rede som eigarar i tre år, før staden kom under den engelske krona i 1537.[4] I juni same året byrja Henrik VIII å bygga Oatlands Palace her ved å utvida eit herskapshus frå mellomalderen nord for bysentrum. Noko av steinen brukt til grunnstein var tekne frå gamle Chertsey Abbey.[5] Kong Henrik hadde meint palasset som bustad for den fjerde konna si, Anna av Kleve, men dette ekteskapet blei annullert etter eit halvår.[5] Kongen gifta seg med den femte kona si, Catherine Howard, i Oatlands, men vitja sjeldan staden seinare.[6] Palasset fortsette å tilhøyra krona fram til innføringa av Det engelske samveldet, då innhaldet blei selt og bygningane rivne.[7] Berre inngangsporten frå rundt 1545 og muren ved sida av han står att.[8]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads