From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
WhatsApp er ein proprietær lynmeldingsapplikasjon hovudsakleg tilgjengeleg for smarttelefonar, men kan au brukast på datamaskinar. I tillegg til å senda tekstmeldingar kan brukarane av applikasjonen senda kvarandre bilete, video, dokument og ljodmeldingar og dela plasseringa si ved hjelp av ein integrert kartfunksjon.
Namnet på verksemda, WhatsApp, er eit ordspel av uttrykket What's Up? som på norsk tyder «Kva skjer?»[3]
Remove ads
Soge
WhatsApp Inc. vart grunnlagd i USA i 2009 av Brian Acton og Jan Koum, som begge var tidlegare tilsette i Yahoo!, og er basert i Mountain View i California.[3][4][5] Verksemda vart kjøpt opp av Facebook, Inc. i 2014 for 19 milliardar dollar.[6]
I desember 2013 rapporterte WhatsApp at dei hadde 400 millionar aktive brukarar per månad.[7] Per april 2014 hadde dei over 500 millionar aktive brukarar, med 700 millionar bilete og 100 millionar videoar delte igjennom tenesta kvar dag, og meir enn ti milliardar meldingar kvar dag.[8]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads