When the Ship Comes In
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«When the Ship Comes In» er ei vise av Bob Dylan, gjeven ut på det tredje albumet hans, The Times They Are a-Changin' i 1964.
Joan Baez sa i dokumentarfilmen No Direction Home at songen var meir eller mindre inspirert av ein hotellresepsjonist som nekta å la Dylan få eit rom fordi han såg «uvaska» ut (han var ikkje kjend utafor visemiljøet på denne tida). Songen flyt så ut til å bli ein episk allegori om å sigre over dei undertrykkande «høge herrane». Ei anna inspirasjonskjelde var Bertolt Brecht/Kurt Weill-songen «Pirate Jenny».[1]
I følgje biografiforfattaren Clinton Heylin vart «When The Ship Comes In» skriven i august 1963 «etter Dylan vart fornærma då han prøvde å bestille eit hotellrom, men resepsjonisten mislikte den ustelte utsjånaden hans og Joan Baez måtte gå god for han». Heylin spekulerer i at «Jenny's Song» frå Brecht- og Weill sin Threepenny Opera òg var ein inspirasjon. Den tidlegare kjærasten til Dylan, Suze Rotolo, hugsar at «interessa hennar for Brecht påverka han. Eg arbeidde for The Circle i Square Theater og han kom ofte å høyrde på. Han likte særs godt songen som Lotte Lenya var kjend for, 'Pirate Jenny'.»[1]
Kort tid etter Dylan skreiv songen, framførte han og Baez songen i lag på Marsjen til Washington den 28. august 1963, som ein kan høyre på Dylan-albumet Live 1962-1966: Rare Performances From The Copyright Collections (2018). Dylan framførte seinare songen i Carnegie Hall den 26. oktober 1963. Denne versjonen finst å The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack (2005).
Dylan framførte songen under Live Aid den 13. juli 1985, akkompagnert av Keith Richards og Ron Wood frå Rolling Stones.
Remove ads
Kjende versjonar
- Peter, Paul and Mary spelte inn songen i 1965 på albumet A Song Will Rise og gav han ut på singel.
- Arlo Guthrie framførte songen i 1972 på albumet Hobo's Lullaby i tillegg på konsertar. Eit konsertopptak finst på Live In Sydney.
- Cindy Kallet, Ellen Epstein & Michael Cicone framførte songen i 1993 på albumet sitt Only Human.
- Den irske visegruppa The Clancy Brothers framførte songen på The 30th Anniversary Concert Celebration frå Bob Dylan. Dei spelte òg inn songen i 1995 på albumet sitt Older But No Wiser.
- Det irske punkrockbandet The Pogues spelte songen i 1996 på albumet Pogue Mahone.
- The Chieftains fekk med seg The Decemberists på songen i 2012 på albumet Voice of Ages.
- Det skotske rockebandet Idlewild spelte inn songen som ei B-side til singelen sin «These Wooden Ideas».
- Marcus Carl Franklin spelte inn songen i den Dylan-inspirerte filmen I'm Not There. Denne versjonen finst i den originale musikken til filmen.
- The Hollies spelte denne songen på albumet sitt Hollies sing Dylan. I 2017 vart versjonen deira av «When the Ship Comes In» nytta i ei reklamefilm for Volkswagen.
- Hugues Aufray spelte inn songen på fransk som «Le jour ou le bateau viendra».
- Den britiske gruppa Folk Blues Incorporated spelte inn songen som A-side på ein single (B-side: Don't Hide), som kom ut i november 1966[2]
Svensk versjon
- Dei svenske songarane Mikael Wiehe og Totta Näslund song ein svensk versjon på albumet sitt Totta & Wiehe - Dylan. Denne var omsett av Wiehe og kalla «När vårt skepp slår til».
Norsk versjon
Fredrik Friis skreiv ein norskspråkleg versjon av songen kalla «Vel i havn», framført av Hansen i 1970.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads