White Light av Gene Clark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
White Light eller Gene Clark er det andre soloalbumet til Gene Clark, tidlegare medlem i The Byrds. Det fekk god kritikk då det kom ut i 1971, men selde berre godt i Nederland, der det vart kåra til årets album.[2] Som alle albuma hans etter Byrds selde det særs dårleg i USA.
Med seg på albumet hadde Clark produsenten og gitaristen Jesse Ed Davis, bassisten Chris Ethridge frå The Flying Burrito Brothers, organisten Mike Utley, i lag med pianisten Ben Sidran og trommeslagaren Gary Mallaber, begge frå The Steve Miller Band. Sjølv om Clark byrja på eit nytt album for A&M, stoppa selskapet innspelinga før albumet var fullført. Desse songane kom ut i Nederland, men vart ikkje gjeven ut i USA før i 1994 på albumet Roadmaster.[2]
Musikkritikaren Thom Jurek skreiv for AllMusic at albumet «har etablert seg som eit av dei beste singer/songwriter-albuma nokon gong... Med melodiar som er mutert frå country avslørte White Light at det var han som var den originale poeten og arkitekten bak musikken til The Byrds. Utgåva av hans av Bob Dylan sin «Tears of Rage» mot sutten av plata er like bra, om ikkje betre enn The Band sin versjon.»[1]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Gene Clark, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
Musikarar
Produsent
- Jesse Ed Davis – plateprodusent
- Joe Zagarino – lydteknikar
- Baker Bigsby – assisterande lydteknikar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads