Widnes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Widnes
Remove ads

Widnes er ein industriby i distriktet Halton i Cheshire i England med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg på nordsida av elva Mersey der estuaret smalnar til og dannar Runcorn Gap. Like sør på andre sida av Mersey ligg byen Runcorn. Oppoverelva og 13 km mot aust ligg byen Warrington og nedover mot elva mot vest ligg Liverpool. Byen var historisk ein del av Lancashire, og kom seinare inn under Cheshire for administrative føremål i 1974.

Thumb
Spike Island
Kjappe fakta Land, Region ...

Før den industrielle revolusjonen bestod Widnes hovudsakleg av fleire små fråskilde busetnader i eit område som hovudsakleg bestod av myr- og lyngheilandskap. I 1847 vart den første kjemiske fabrikken oppretta i byen og han voks raskt som eit stort senter for kjemisk industri. Etterspurnaden etter arbeidskraft gjorde at mange arbeidarar frå Irland, Polen, Litauen og Wales flytta til byen. [2][3] Byen produserer framleis kjemikaliar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads