Wii Play
dataspel frå 2006 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wii Play er eit samværspel for Wii, utvikla og produsert av Nintendo. Det vart gjeve ut på same tid som då Wii-konsollen vart lansert i Japan, Australia og Europa. I Nord-Amerika vart spelet lansert i februar året etter. Spelet blir rekna som ein del av Wii-serien, og til kvart eksemplar av spelet følgjer det med ein Wii-fjernkontroll. Den 31. mars 2009 hadde Wii Play selt 22,98 millionar eksemplar globalt.[1]
Remove ads
Oppsett
Wii Play er ei samling av ni ymse spel, utforma for å demonstrere mange av funksjonane Wii-fjernkontrollen tilbyr. Alle dei ni spela kan bli spelte av opp til to spelarar. Det er berre eit spel tilgjegeleg for ein å spele når ein spelar Wii Play for første gong, men ein kan låse opp nye spel ved å prøve dei spela som alt er tilgjengelege. Spelet er bygd opp slik at spela gradvis blir meir utfordrande, i hovudsak ved at nye funksjonar hjå Wii-fjernkontrollen etter kvart blir introduserte og brukte i spela.
Det held med ein Wii-fjernkontroll for at ein skal kunne manøvrere alle dei ni spela i Wii Play, men ein kan nytte nunchuken i spelet «Tanks!» om ein vil det. Spelarane lagar eigne profilar ved å knyte Mii-figurar til spelet, og kan såleis tevle seg i mellom om rekordar i dei ni spela. Spelet lagrar dei fem beste personlege resultata i alle spela, og om ein spelar greier å få ein ny pers sender spelet ei melding om dette til Wii-menyen. Wii Play lønnar ein med medaljar om rekordane i spela er gode nok, og avhengig av bragda kan ein vinne medaljar i bronsje, sølv, gull eller platina i alle dei ni spela.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads