Wilfred Owen
britisk poet From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wilfred Edward Salter Owen (18. mars 1893–4. november 1918) var ein engelsk diktar og soldat under den fyrste verdskrigen.

Dei sjokkerande og realistiske krigsdikta hans om grua frå skyttargravene og gassåtaka under den fyrste verdskrigen var sterkt påverka av venen Siegfried Sassoon, og stod i grell kontrast til både det ålmenne inntrykket av krig i samtida, og til dei patriotiske dikta til tidlegare krigspoetar som Rupert Brooke. Mesteparten av det han skreiv vart ikkje utgjeve før etter han døydde. Somme av dei mest kjende arbeida hans er «Dulce Et Decorum Est», «Anthem for Doomed Youth», «Futility» og «Strange Meeting». Owen er kanskje like kjend for å ha vorte drepen i kamp ved Sambre-Oise-kanalen berre ei veke før krigen enda, noko som førte til at dødsbodskapen hans og meldinga om freden nådde heimbyen hans samstundes.
Remove ads
Livssoge
Barndom og oppvekst
Owen var fødd nær Oswestry i Shropshire 18. mars 1893. Han var den fyrstfødde av dei fire borna til Tom og Susan Owen. Skulegonga sin fekk han på Birkenhead Institute og Shrewsbury Technical School, og han oppdaga diktarevnene sine i 1903 eller 1904 under ei ferievitjing i Cheshire. Den tidlegaste litterære påverknaden hans fekk han frå John Keats og Bibelen.
Etter at skulegonga var avslutta i 1911 las han for å kome seg inn ved universitet og arbeidde ved sida. Før krigen braut ut arbeidde han som privatlærar i engelsk på ein språkskule i Bordeaux i Frankrike.
Krigsteneste

21. oktober 1915 vart Wilfred Owen innskriven i Artists' Rifles, eit kompani av folk frå kunstnaryrke som verva seg frivillig. Dei neste sju månadane var han i trening på Hare Hall Camp i Essex. I januar 1917 vart han utnemnd til second lieutenant i The Manchester Regiment. Etter nokre traumatiske opplevingar som inkluderte det å leie troppen sin inn i kamp og verte fanga i tre dagar i eit granathol, fekk Owen diagnosen granatsjokk, og vart send til Craiglockhart War Hospital i Edinburgh. Det var medan han var der han møtte Siegfried Sassoon.
Etter å ha vend attende til fronten var Owen døydde han i kamp 4. november 1918. Han vart posthumt tildelt krigsutmerkinga Military Cross for leiarskap og mot i kampane ved Joncourt.
Remove ads
Dikting
Owen vert av somme sett som den viktigaste poeten frå fyrste verdskrigen og han er kjend for dikta sine om den grufulle skyttargravs- og gasskriginga.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Wilfred Owen» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2006.
Bakgrunnsstoff
- Wilfred Owen Multimedia Digital Archive, på Oxford University Arkivert 2003-12-04 ved Wayback Machine.
- The Wilfred Owen resource page på warpoetry.co.uk Arkivert 2011-04-08 ved Wayback Machine.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads