William Sharman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
William Sharman (fødd 12. september 1984) er ein britisk tidlegare hekkeløpar, fødd i Lagos og oppvoksen i Corby. Han vann sølvmedaljen på 110 meter hekk i europameisterskapen 2014.
Remove ads
Aktiv
Sharmann fekk sitt internasjonale gjennombrot då han vart fjerdemann på 110 m hekk under Friidretts-VM 2009 i Berlin. I dei neste to verdsmeisterskapane, 2011 i Daegu og 2013 i Moskva, enda han på femteplass i øvinga. Ved europameisterskapen 2014 i Zürich sette han livsbeste med 13,14 sekund i semifinalen, i finalen kom han inn på 13,27 og vann sølvmedaljen.
Sharman vart britisk meister i 110 meter hekkeløp i 2010, 2013 og 2014.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- EM 2006 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (13,85=nr 20)
- VM 2009 i Berlin: Nr 4 – 13,30
- EM 2010 i Barcelona: Utslått i semifinalane (nr 16)
- VM 2011 i Daegu: Nr 5 – 13,67
- EM 2012 i Helsinki: Utslått i semifinalane (13,55=nr 11)
- VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 13,30
- EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 13,27, bakom Sergej Sjubenkov (13,19)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «William Sharman» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads