Teemu Keisteri

From Wikipedia, the free encyclopedia

Teemu Keisteri
Remove ads

Teemu Keisteri (fødd 22. august 1985 i Esbo) er ein finsk biletkunstnar og DJ som er kjend for karakteren sin Windows95man.[1][2] Som biletkunstnar fekk han heider i Finland for å skape karakteren Ukkeli i 2008.[1] Som DJ hentar hans kunstnariske stil og utsjånad inspirasjon frå slutten av 1990-talet, då operativsystemet Windows 95 blei produsert. Han representerte Finland i Eurovision Song Contest 2024 med songen «No Rules!», saman med Henri Piispanen.

Kjappe fakta
Remove ads

Biografi

Keisteri har studert fotografi ved Institute of Design i Lahtis. Han har fortald at han i studietida lærte at han er meir biletkunstnar enn fotograf.[3] Han er også kjend som videokunstnar, dansar og DJ. Keisteri har sitt eige kunstgalleri kalla Kalleria i Berghäll i Helsingfors.[2]

I 2024 deltok Keisteri, som karakteren Windows95Man, saman med Henri Piispanen på vokal, i Uuden Musiikin Kilpailu, med songen «No Rules!».[4][5] Trass i at dei enda på sisteplass i juryavrøystinga, kom dei på fyrsteplass samanlagd med 313 poeng. Duoen blei dimed valde til å representere Finland i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[6] Finland deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai.[7] Der enda dei på sjuandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[8][9] I finalen enda Windows95man og Piispanen på 19. plass med 38 poeng.[10][11]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads