Windows Live Messenger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Windows Live Messenger (før MSN Messenger) var ein lynmeldingsklient for kommunisering over internett, dette ved hjelp av chat, videosamtalar og talemeldingar. Programmet var laga av Microsoft og var laga for å køyre på Windows XP (berre 32-bit XP), Windows Vista, Windows Seven, Windows Server 2003, Windows Server 2008 og Windows Mobile.

Kjappe fakta Utviklar, Nyaste versjon ...

Sidan 2005 hadde klienten vorte ein del av Microsoft's Windows Live, som var eit sett av nettenester, blant dei Windows Live Mail, Windows Live Writer, Windows Live Movie Maker og Windows Live Photo Gallery. Live Messenger kopla seg opp til Microsoft sin .NET Messenger Service. Klienten vart først gjeve ut som MSN Messenger 22.juli, 1999 og som Windows Live Messenger 13.desember 2005. Tenesta hadde om lag 330 millionar aktive brukarar kvar månad.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads