Woleu-Ntem
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Woleu-Ntem er ein provins i Gabon og ligg nord i landet. Han har namn etter elvene Woleu og Ntem, som renn gjennom provinsen. Han har eit areal på 38 465 km², og provinshovudstaden er Oyem. Størstedelen av innbyggjarane i provinsen bur her eller i byane Bitam, Minvoul, Mitzic og Médouneu. I 2013 var folketalet i provinsen 154 986.[1] Det meste av provinsen er dekt av skog, noko som forklarer den tynne folkesetnaden hans.
Som den nordlegaste provinsen i Gabon er Woleu-Ntem den einaste som grensar til Kamerun. Provinsen grensar også til Ekvatorial-Guinea i vest og Republikken Kongo i aust.
Inne i Gabon grensar provinsen til følgjande andre provinsar:
- Estuaire – sørvest
- Moyen-Ogooué – sør
- Ogooué-Ivindo – sørust
Remove ads
Departement
Woleu-Ntem er delt inn i fem departement:
- Haut-Komo (Ndindi)
- Haut-Ntem (Medouneu)
- Ntem (Bitam)
- Okano (Mitzic)
- Woleu (Oyem)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads