Wolfgang Ketterle

tysk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Wolfgang Ketterle
Remove ads

Wolfgang Ketterle (fødd 21. oktober 1957) er ein tysk fysikar.

Kjappe fakta Fødd, Nasjonalitet ...

Ketterle vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2001, saman med amerikanarane Carl Wieman og Eric Allin Cornell, for oppnåinga av Bose-Einstein-kondensasjon i fortynna gassar av alkaliatom og for tidlege fundamentale studiar av eigenskapane til kondensat.

I 1924 gjorde den indiske fysikaren Bose viktige teoretiske berekningar på lyspartiklar. Han sende resultata til Einstein, som utvida teorien til ein viss type atom. Einstein føresåg at dersom ein kjøler ned ein gass av slike atom ved særs låge temperaturar, ville alle atoma brått samlast i lågast mogeleg energitilstand. Prosessen liknar den når væskedråpar dannast frå ein gass, og kallast derfor kondensasjon (Bose-Einstein-kondensasjon). Først i 1995 lukkast Cornell og hans medarbeide å oppnå denne ekstreme materietilstanden. Cornell og Wiemann fekk deretter fram eit rent kondensat på rundt 2 000 rubidiumatom ved 20nK (nanokelvin), dvs 0,000 000 02 grader over det absolutte nullpunktet.

Ketterle tok doktorgrad i fysikk i 1986, ved Ludwig-Maximilians-Universität München og Max-Planck-Institut for kvanteoptikk i Garching. Han er no professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT).

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads