Wolframitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wolframitt er eit tungt mineral, brunleg til svart med submetallisk glans, krystalliserer monoklint. Det er eit oksid av wolfram, jarn og mangan, (Fe,Mn)WO4, med samansetjing varierande mellom endeledda ferberitt, FeWO4, og hübneritt, MnWO4. Mineralet finst på malmgangar knytt til granittar, og dessutan i alluviale avsetningar, og er ein særs viktig wolframmalm (til dømes i Portugal, Canada, Myanmar, Sør-Korea, Kina og Bolivia). Det finst i Noreg i Ørsdalen i Bjerkreim, der det har vore gruvedrift.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads