Verdas økonomiske forum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdas økonomiske forum (engelsk World Economic Forum (WEF), tysk Weltwirtschaftsforum (WWF), fransk Forum économique mondial (FEM)) er ei Genève-basert nonprofit stifting. Stiftinga arrangerer eit årleg toppmøte, vanlegvis i januar, som samlar toppleiarar i dei største selskapa, nokre nasjonale politiske leiarar og dessutan ein del utvalde intellektuelle og journalistar. Toppmøtet vert vanlegvis halde i Davos i Sveits og samlar omkring 2000 deltakarar. Stiftinga vart etablert i 1971 av den sveitsiske professoren i økonomi Klaus M. Schwab.[1] Den tidlegare norsk utanriksministeren Børge Brende har sidan oktober 2017 vore president og toppsjef for forumet.[2]


I 2005 etablerte Verdas økonomiske forum fellesskapet Young Global Leaders, etterfylgjaren til Global Leaders of Tomorrow, beståande av personar under 40 år frå heile verda med ymse yrke knytt til leiarskap.
Remove ads
Global Shapers
Global Shapers Oslo er ei foreining som vart stifta den 23. mai 2013. Ho er ei lokal grein av Global Shapers Community som er ein del av Verdas økonomiske forum. Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg er grunnleggjar av foreininga, den såkalla «Founding Curator».[3] Chiugo Aghaji er leiar og såkalla «Curator» for foreininga.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads