Børge Brende
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Børge Brende (fødd 25. september 1965 i Odda) er ein norsk tidlegare politikar for Høgre. Han var utanriksminister i regjeringa Solberg frå 2013 til 2017.[1] Brende har sidan den 23. oktober 2017 vore president for World Economic Forum (WEF).[2][3]
Remove ads
Bakgrunn
Børge Brende er utdanna Cand. mag. med mellomfag i historie. Frå 1990 til 1992 var han tilsett som økonomisjef i Brende-entreprenør AS.
Politikk
Frå 1988 til 1990 var Børge Brende leiar for Unge Høgre. Etter det var han frå 1991 til 1997 medlem av formannskapet og kommunalrådet i Trondheim. Han var vararepresentant på Stortinget i periodane 1989–1993 og 1993–1997, og blei vald inn som stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag i 1997, 2001 og 2005.
Brende var med i regjeringa Bondevik II, først som miljøvernminister (2001–2004) og deretter som nærings- og handelsminister (2004–2005).[4][5] I 2013 blei han ny utanriksminister for Solberg-regjeringa.
Brende var nestleiar i Europabevegelsen (1991–1992) og var leiar av SN-kommisjonen for berekraftig utvikling (2003–2004).
Regjeringar
- 2001–2004: Statsråd for Miljøverndepartementet
- 2004–2005: Statsråd for Nærings- og handelsdepartementet
- 2013–2017: Statsråd for Utanriksdepartementet[1]
Stortingskomitéar
- 1997–2001: medlem i Finanskomitéen
- 2005–2009: første nestleiar i Energi- og miljøkomiteen
Remove ads
Prisar og utmerkingar
Børge Brende blei utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for hans embetsteneste.[6]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads