Wright Valley
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wright Valley er den sentrale av dei tre store Dry Valleys i Dei transantarktiske fjella, vest for McMurdo Sound. Han har namn etter C.S. Wright, som var medlem av Terra Nova-ekspedisjonen.[1]
[Onyx River]], den lengste elva i Antarktis, renn gjennom dalen, og her ligg Lake Brownworth, som er kjelda til Onyx River og Lake Vanda, som får vasstilførsel frå Onyx River. I den sørvestlege greina, South Fork, ligg Don Juan Pond. Den øvre delen av dalen vert kalla Labyrinth og ligg i vestenden av dalen.
Sjølv om delar av det samanhengdande dalsystemet vart oppdaga i 1903 av Discovery-ekspedisjonen leia av kaptein Scott, vart ikkje Wright Valley, som ligg nær midten av systemet, sett før det vart teke flyfoto av området i 1947.[2]
I midten av 1960-åra byrja det å gå opp for forskarane at sjølv om dalen låg like ved den permanente austantarktiske innlandsisen, så hadde dalen vore isfri i minst tusenvis av år.[3] Lake Vanda, får vatn tilført om sommaren frå Onyx River og har uvanleg varmt vatn i djupet. Sjølv om han er dekt av eit kring 3 meter tjukt islag året rundt, er vasstemperaturen 65 meter nede i djupna kring 25 ºC.[4] Mangelen på snø, innsjøar med høge temperaturar, uvanlege bergformasjonar, mumifiserte selar, og nesten fullstendig mangel på planteliv har gjort staden til ein ynda stad for forskarane.
I 1968 oppretta New Zealand Vanda-stasjonen nær austenden av Lake Vanda.
Remove ads
Sjå òg
- Victoria Valley (nord)
- Taylor Valley (sør)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads