Writer av Carole King
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Writer er debutalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Carole King, gjeve ut i mai 1970. King hadde alt hatt ein suksessrik karriere som låtskrivar og vore ein del av The City, ei kortvarig gruppe ho skipa etter etter ho flytta til Los Angeles i 1968. Av spor på albumet finn ein «Up on the Roof», som nådde fjerdeplassen på den amerikanske hitlista for The Drifters i 1962, og «Child of Mine», som var blitt spelt inn av Billy Joe Royal,[3] blant andre. Albumet fekk lite merksemd då det kom ut, men gjekk inn på albumlista etter suksessen til det neste albumet til King, Tapestry, i 1971. Albumet vart produsert av John Fischbach, som var med å skipe studioet Crystal Sound der albumet vart spelt inn.
Albumet fekk positive meldingar frå kritikarane, og AllMusic skreiv at det var det «mest undervurderte av alle dei originale albuma hennar».[1] Og i ei melding som òg omfatta Tapestry i Rolling Stone, skreiv Jon Landau «Writer var ei velsigning trass i feila sine» og at sjølv om «produksjonen var dårleg», gjorde King sjølv albumet «absolutt verdt det».[4]
Remove ads
Innhald
Alle songar skrivne av Gerry Goffin og Carole King; tekst for «Raspberry Jam» og «What Have You Got to Lose» av Toni Stern.
Remove ads
Medverkande
- Carole King – piano, vokal, korvokal, arrangement
- Ralph Schuckett – orgel
- John Fischbach – Moog synthesizer
- James Taylor – akustisk gitar; korvokal på «Goin' Back»
- Danny Kortchmar – akustisk gitar, elektrisk gitar, conga
- Charles Larkey – Fender bass
- Joel O'Brien – trommer, perkusjon, vibrafon
- Abigale Haness, Delores Hall – korvokal
Produksjon
- John Fischbach – produsent
- Andrew Berliner – lydteknikar
- Gerry Goffin – miksing
- Guy Webster – fotograf
- Tom Neuwirth – fotograf på innsida
- Rod Dyer, Paul Bruhwiler – layout, design
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads