Wupper

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wupper
Remove ads

Wupper er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre. Ho har sitt utspring nær Marienheide vest i Sauerland. Den øvre leia vert kalla Wipper. Elva er 113 km lang og renn gjennom byen Wuppertal der svevebanen Schwebebahn Wuppertal følgjer elva, like over elveleiet. Elefanten Tuffi hoppa i elva frå Schwebebahn 21. juli 1950.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Remove ads

Elva er ikkje framkommeleg for båtar og ligg i det tidlegare Hertugdømet Berg. Før industrialiseringa vart vatnet nytta i garveri. Tidleg industrialisering nytta seg av dei mange bekkane som renn ut i Wupper til vasskraft.

Elva vert kryssa av den høgaste jernbanebrua i Tyskland nær Müngsten mellom Remscheid og Solingen. Eit par kilometer lenger ned ligg Schloss Burg på ein ås ovanfor elva. Elva munnar ut i Rhinen i Leverkusen, sør for Düsseldorf.

Remove ads

Kjelde


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads