Wyclef Jean
haitisk musikar og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nel Ust Wyclef Jean (fødd 17. oktober 1972) er ein haitisk-amerikansk songar, musikkprodusent og politisk aktivist.
Remove ads
Biografi
Wyclef Jean vart fyrst kjend som ein av rapparane i hip-hop-trioen Fugees frå 1992 til 1997, saman med Pras Michel og Lauryn Hill. I -97 starta han solokarrieren sin med plata The Carnival. Han har hatt stor suksess som soloartist, og vart m.a. kjend for hitsa Gone Till November og 911. Fram til 2011 har han stått for ni soloutgjevingar. Wyclef Jean opptredde mellom anna på Nobels Fredspriskonsert i Oslo i 2009.
I 2010 ynskte han å stille til presidentvalg på Haiti, men fekk ikkje stille fordi han ikkje har fast base i landet. Den siste plata hans frå 2011 har då også fått tittelen If I Were President: The Haitian Experience. 19. mars 2011 blei han skoten i handa utanfor Port-au-Prince, men blei utskriven frå sjukehuset dagen etter.[1]
Wyclef Jean er gift med Marie Claudinette, og dei har ei adoptivdotter saman.
Remove ads
Diskografi
- 1997: The Carnival
- 2000: The Ecleftic: 2 Sides II a Book
- 2002: Masquerade
- 2003: Greatest Hits
- 2003: The Preacher's Son
- 2004: Welcome to Haiti: Creole 101
- 2007: Carnival Vol. II: Memoirs of an Immigrant
- 2009: From the Hut, To the Projects, To the Mansion
- 2011: If I Were President: The Haitian Experience
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads