Xavi
spansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Xavier Hernández Creus, kjend som Xavi (fødd 25. januar 1980 i Terrassa i Catalonia) er ein spansk fotballspelar, som spelar for Barcelona i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han har spelt for Barcelona i heile proffkarrieren sin, og vart seriemeister med Barcelona i 1999, 2005, 2006, 2009, 2010, 2011 og 2013. Han vann òg den europeiske meisterligaen med Barcelona i 2006, 2009 og 2011 og VM for klubblag i 2009 og 2011. Han vart kåra til årets spanske spelar i 2005.
Xavi debuterte for det spanske A-landslaget 15. november 2000 i ein kamp mot Nederland. Han var med i Spania sin tropp til alle EM og VM frå 2002 til 2010. Han vart kåra til beste spelar i turneringa då Spania vart europameistrar i 2008. I 2010 spelte han alle kampane i VM då Spania vart verdsmeistrar. Han vart igjen europameister med Spania i 2012 og spelte alle kampane også i den turneringa.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads