Xbox
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Xbox er ein spelkonsoll utvikla av Microsoft. Han vart lansert den 21. november 2001 i Nord-Amerika, 22. februar 2002 i Japan og 14. mars 2002 i Europa. Konsollen konkurrerte med PlayStation 2 frå Sony, Sega Dreamcast (som vart teken av marknaden i Nord-Amerika før Xbox vart marknadsført) og Nintendo GameCube. Xbox var den fyrste konsollen som vart marknadsført av eit USA-amerikansk selskap etter at Atari Jaguar vart teken av marknaden i 1996.
- Denne artikkelen handlar om spelkonsollen gjeven ut i 2001. For etterfølgjaren, sjå Xbox 360.
Remove ads
Den innebygde Xbox Live-tenesta som vart lansert i november 2002 gav spelarane tilgang til å spele over internett med breibandtilkopling.
Det er selt 24 millionar eksemplar av spelkonsollen. Salet av Xbox vart stogga i 2007 i Japan, i 2008 i Europa og i 2009 i Nord-Amerika. Det siste Xbox-spelet som kom ut var Madden NFL 09, som kom i august 2008. Etterfylgjaren til Xbox, Xbox 360, kom på marknaden i 2005. Xbox Live-tenesta vart avslutta 15. april 2010.[1]
Remove ads
Historie
Fire ingeniørar frå DirectX-teamet i Microsoft, Kevin Bachus, Seamus Blackley, Ted Hase og DirectX-lagsleiaren Otto Berkes, demonstrerte i 1998 ein prototype av ein spelkonsoll basert på enkelte Dell-datamaskinar og Microsoft Windows-operativsystem.
Under utviklinga vart namnet på den opphavlege DirectX-boxsen forkorta til Xbox. Marknadsavdelinga til Microsoft likte ikkje Xbox-namnet og føreslo mange alternativ. Likevel synte forbrukartestar at Xbox-namnet vart føretrekt meir enn andre namn, og «Xbox» vart namnet på det offisielle produktet.[2]
Microsoft forseinka konsollen fleire gonger. Han var fyrst nemnt av Microsofts dåverande administrerande direktør Bill Gates i eit interjuv i slutten av 1999.
Då Bill Gates lanserte Xbox på Game Developers Conference i 2000, vart publikum imponertw over teknologien i konsollen. Grunna den enorme populariteten til spelkonsollar i Japan, forsinka Microsoft lanseringa av Xbox i Europa for å fokusere på den japanske videospelmarknaden. Likevel var utgivinga av Xbox i Europa meir vellukka enn i Japan.
Populære lanseringsspel for konsollen var mellom anna Dead or Alive 3, Amped: Freestyle Snowboarding, Halo: Combat Evolved, Fuzion Frenzy, Project Gotham Racing og Jet Set Radio Future.
Etterfølgjar
Etterfølgjaren til Xbox, Xbox 360, vart offentleggjort 12. mai 2005 på MTV og utgjeven i Nord-Amerika 22. november 2005. Salet av Xbox vart stogga i Japan i 2005, rett etter at 360 vart lansert, grunna dårleg sal i landet. Salet var mykje betre i Europa og Nord-Amerika, der salet av konsollen vart stogga høvesvis i slutten av 2008 og tidleg i 2009.
Xbox 360 støttar eit avgrensa tal av spela til Xbox, dersom spelaren har eit offisiell Xbox 360 platelager. Xbox-spel vart selt fram til november 2009.
Remove ads
Tekniske spesifikasjonar


- CPU: 32-bit 733 MHz, spesialtilpassa Intel Pentium III-prosessor (Coppermine) i ein Micro-PGA2 Pin Grid Array.
- SIMD-prosessor med flyttallaritmetikk SSE, fire enkelpresisjonoperasjonar per klokkeperiode
- MMX Heiltalaritmetikk-SIMD
- 133 MHz 64-bit GTL+ framsidebuss til GPU
- 32 KB L1 cache og 128 KB on-die L2 cache
- Fellesminne
- GPU og systembrikke: 233 MHz NV2A ASIC. Utvikla saman av Microsoft og Nvidia.
- Geometriprosessor: 115 millionar hjørne per sekund, 125 millionar partikler per sekund (max.)
- 4 pikselpipelinear, kvar med to tekstureiningar
- 932 megapixel/second (233 MHz × 4 pipeliner), 1.864 megatexels/second (932 MP × 2 texture units) (max.)
- Maksimal triangelkapasitet
- 485.416 trianglar per ramme ved 60 rammer/s
- 970.833 trianglar per ramme ved 30 rammer/s
- Maksimal triangelkapasitet
- 8 teksturar i gongen, S3 teksturkompresjon, fullseneantialiasing (NV Quincunx, supersampling og multisampleantialiasing)
- Bilineær, trilinear og trilinear teksturfiltring
- Same kapasitet som GeFellerce 3 Ti500 PC GPU
- Lagringsmedia
- 2×–5× (2.6 MB/s–6.6 MB/s) DVD-ROM med konstant vinkelfart
- 8 eller 10 GB, 8,9 cm, 5.400 o/min skivelager, formatert til 8 GB FATX filesystem
- Opsjonalt 8 MB lagringskort for overføring av lagra spel
- Audioprosessor: NVIDIA MCPX (a.k.a. SoundStellerm NVAPU)
- 64 3D lydkanalar (opp til 256 stereofoniske kanalar)
- HRTF Sensaura 3D-lyd
- MIDI DLS2-handsaming
- Mono, stereofonisk, Dolby Surround, Dolby Digital Live 5.1 og DTS kringomlyd (berre for DVD-filmar)
- Netttilkopling: 10BASE-TX/100BASE-TX Ethernet
- DVD-filmavspeling (krev tilleggsmodul)
- A/V-utgangar: kompositt-video, S-Video, komponent-video, SCART, TOSLINK og ubalansere analoge utgangar med phone-sokklar
- Oppløysing: 480i, 480p, 576i, 576p, 720p, 1080i
- Kontrollinngangar: 4 proprietare USB 1.1
- Masse: 3,86 kg
Remove ads
Marknadsføring
Sal
Xboxen vart gjeven ut 15. november 2001 i Nord-Amerika og vart fort utseld. I følgje Microsoft hadde konsollen selt 24 millionar eksemplar over heile verda per 10. mai 2006,[3] 16 millionar i Nord-Amerika, 6 millionar i Europa og 2 millionar i Japan.
Xbox Live
- For meir om dette emnet, sjå Xbox Live.
Den 15. november 2002 lanserte Microsoft Xbox Live-tenesta. Her kunne abonnentane spele direktekopla Xbox-spel med andre abonnentar rundt om i verda og laste ned nytt innhald direkte til det innebygde platelagret. Den elektroniske tenesta fungerte berre med ei breibandstilkopling.
Omtrent 250 000 abonnentar meldte seg inn innan to månadar etter Xbox Live-lanseringa.[4] I juli 2004 hadde Xbox Live nådd ein million abonnentar, to millionar i juli 2005 og 3 millionar innan juli 2007. I mai 2009 var dette talet blitt til 20 million abonnentar.[5]
Marc Whitten kunngjorde i 5. februar 2012 på gamerscoreblog at Xbox Live-støtte for dei originale Xbox-spela ville verte avvikla 14. april 2010.[6] Tenesta vart stogga etter planen, men ei gruppe på tjue spelarar fortsette å spele i nesten ein månad etter ved å forlate konsollane sine innlogga på Halo 2.[7] APACHE N4SIR var den siste brukaren som spelte på den originale Xboxen si Live-teneste, og vart omsider heilt stogga 11. mai 2010 kl 01:58 EDT (UTC-4).[8][9]
Remove ads
Maskinvare og ekstrautstyr
Spesielle avgrensa utgåver
Xboxen kom ut i fleire versjonar enn den mest kjende grøne og svarte. Kasumi-Chan Blue med blått deksel kom ut i Japan 2004 for å markera utgjevinga av spelet Dead or Alive Ultimete. Det vart berre laga 5000 eksemplar av denne.[10] Den kvite versjonen Pure White kom også berre ut i Japan i 1000 eksemplar for å markera toårsjubileet til konsollen.[11] Halo Green frå 2004 hadde gjennomsynleg grønt deksel, og vart selt med Halo Combat Evolved.[12]
Handkontroll


Xbox-kontrollaren har to analoge spakar, ein navigasjonsknapp, to analoge triggerar, ein angreknapp, ein startknapp, to utvidingsportar og seks 8-bits analoge handlingsknappar (A / Grøn, B / Raud, X / Blå, Y / gul og svarte og kvite knappar).[13]
Standard-Xbox-kontrollaren (også kalla «Fatty»[14] eller «Duke»[15]) vart kritisert for å vere klumpete i høve til andre videospelkontrollar. Han vart tildelt «Blunder of the Year» av Game Informer i 2001,[16] ein «Guinness World Record for den største kontrollaren i Guinness World Records Gamer-utgåva i 2008, og vart rangert som den 2. verste videospelkontrolleren nokon gong av IGN-redaktøren Craig Harris.[17]
Remove ads
Sjå også
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads