Xiao Ruoteng

From Wikipedia, the free encyclopedia

Xiao Ruoteng
Remove ads

Xiao Ruoteng (fødd 30. januar 1996) er ein kinesisk turnar frå Beijing. Han vart i 2017 verdsmeister i mangekamp, året etter vann han VM-gull i lagkamp og på bøylehest.

Kjappe fakta

Xiao meisterskapsdebuterte med ein bronsemedalje i lagkamp for det kinesiske mannskapet då Turn-VM 2015 vart avvikla i Glasgow. Ein olboge-skade hindra han i å delta i Sommar-OL 2016. Under Turn-VM 2017 i Montreal var han bestemann i mangekampen, i tillegg sikra han seg bronsemedaljen på bøylehest. Hausten 2018 sikra han seg to gullmedaljar og ein sølvmedalje ved verdsmeisterskapen i Doha i Qatar. Etter å ha vunne gull i mangekamp for Kina, enda han opp med nøyaktig same poengsum som russiske Artur Dalalojan i mangekamp. Russaren fekk gullet, Xiao måtte nøye seg med sølv. Xiao avlsutta Doha-meisterskapen med triumf i bøylehest. Frå Turn-VM 2019 i Stuttgart reiste Xiao med ein sølvmedalje frå lagkampen og ein bronse frå frittståande-finalen, i mangekampen vart han fjerdemann. Sommaren 2021 vart han nummer 2 i mangekamp og nummer 3 i lagkamp og i frittståande under dei olympiske leikane i Tokyo.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads