Yabrud

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yabrud
Remove ads

Yabrud eller Yabroud (arabisk skrift يبرود) er ein by i Syria i Rif Dimashq guvernement, kring 80 km nord for hovudstaden Damaskus. Byen ligg i sida av Qalamunfjella (Anti-Libanonfjella) i ei høgd på 1 550 meter over havet.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie og kulturminne

Byen er kjend for dei gamle grottene sine, mellom andre Iskaftagrotta (der den 30 år gamle reisande og seinare arkeologen Alfred Rust i 1930 fann viktige førhistorisk funn).[1] Arkeologiske funn frå Natufi-kulturen, Yabrud III, er kalla opp etter byen.

Yabroud er nemnd i leirtavler frå Mesopotamia frå 100-talet f.Kr., og i Ptolemaios sine skrifter frå 100-talet.[2]

Byen er kjend for Yabrud-tempelet, som ein gong var Jupiter Yabroudis-tempelet, men seinare vart Konstantin og Helena-katedralen. Ei av dei eldste kyrkjene i Syria står i Yabrud.[3]

Remove ads

Folk frå Yabrud

Foreldra til den argentinske presidenten Carlos Menem var begge fødde i Yabrud. Dei flytta til Argentina før slutten av fyrste verdskrigen.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads