Yafa an-Naseriyye
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Yafa an-Naseriyye (arabisk يافة الناصره, «Jaffa av Nasaret», òg skrive Yafa, Yafia eller Yafi arabisk يافا, يفيع, hebraisk יָפָא, יָפִיעַ) er ein arabisk lokal kommune i Nedre Galilea i Israel. Ha utgjer ein del av storbyområdet til Nasaret, og er ein arabisk stad. Han fekk status som lokal kommune i 1960 og hadde i 2005 eit folketal på 16 200. Av dette var kring 70 % muslimar og 30 % kristne.
Remove ads
Historie
Yafa er identifisert som den antikke byen Japhia, som er nemnt i Josvas bok som ein grenseby i Sebulon (Josva 19:12). Lokale mellomaldersegner hevda at Zebedee og dei to sønene hans, Jakob og Johannes, budde i Yafa.[1]
I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) landsbyen som ein «mellomstor landsby i ei sterk stilling på utstikkaren som går frå Nasaret og ned til Jebata. Han har ein brunn på nordsida og ein annan brunn i dalen i nordaust.»[2]
I folketeljinga i 1931 hadde Yafa, (inkludert Arab el Ghazzalin), 312 busette hus og eit folketal på 833, av desse 456 muslimar og 377 kristne.[3]
I 1948 vart Yafa erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Dekel, som starta i juli det året.[4] Dei attverande innbyggjarane vart sett i unntakstilstand fram til 1966.
Ein stor del av innbyggjarane i Yafa er i dag etterkomarar etter internt forflytta flyktningar frå nabolandsbyen Ma'alul, som vart avfolka under den israelsk-arabiske krigen i 1948.[5]
Remove ads
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads