Yakety Yak
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Yakety Yak» er ein song skriven, produsert og arrangert av Jerry Leiber og Mike Stoller for The Coasters og gjeven ut av Atlantic Records i 1958. Songen låg sju veker på toppen av R&B-lista i USA og ei veke på toppen av poplista.[1] Songen var ein av ei rekkje hitsinglar gjeven ut mellom 1957 og 1959 The Coasters ei av dei største gruppene frå rock and roll-tida.[2]
Remove ads
Song
Stoller kalla songen eit kort skodespel om eit glimt inn i tenåringslivet som karakteriserte songane Leiber og Stoller skreiv og produserte.[3] Teksten skildrar eit barn, truleg ein tenåring, som nemner alt han må hjelpe til med heime og svarar foreldrene sine med «yakety yak», og foreldra seier «don't talk back». Dette var noko mange tenåringar i mellomklassen kunne kjenne seg igjen i på den tida. Leiber har sagt at The Coasters song om «ein kvit tenåring sitt syn av ein svart person si oppfatning av det kvite samfunnet.»[2] Ordleiken til låtskrivarane vart sungen med humor og klovneri i ein raskt doo-wop stil, medan saksofonen til King Curtis fylte inn tonar mellom linjene. Gruppa var openlyst «teatralsk» og lata ikkje som om dei uttrykkte sine eigne meiningar.[4]
Remove ads
Andre versjonar
- Québéc-duoen Les Jérolas spelte inn songen i 1959 i ein fransk versjon kalla «Rouspet' pas»
- Saksofonsoloen til King Curtis inspirerte Boots Randolph til å skrive songen «Yakety Sax» i 1963[5]
- Sha Na Na framførte songen på Woodstockfestivalen og spelte inn to konsertopptak av songen i 1971 og 1972.
- Songen vart spelt av Jan & Dean og var planlagt for albumet deira Carnival of Sound i 1968. Carnival of Sound kom ikkje ut før i 2010.
- Lee Perry gav ut ein versjon av songen i 1969 (som Lee Perry and the Upsetters), og endra teksten frå «You ain't gonna rock and roll no more» til «You ain't gonna reggae reggae reggae no more»
- The Pipkins spelte songen inn i 1970, produsert av John Burgess.
- Electronica/discogruppa El Coco spelte songen i 1975 med somme komiske element, og gav han ut på debutalbumet Mondo Disco for AVI Records.
- Vince Vance & The Valiants, ein av bange grupper som parodierte Barbara Ann som «Bomb Iran» i 1980, gav ut ein liknande parodi i 2005 kalla «Yakety Yak (Bomb Iraq)».[6]
- Alvin and the Chipmunks spelte in ein versjon i 1987 for Alvin and the Chipmunks-episoden «Dave's Dream Cabin.»
- Songen vart miksa og spelt inn av 2 Live Crew i 1988 for filmen Twins.
- Phantom Planet spelte songen for filmmusikken til filmen Mumford.
Remove ads
I film og fjernsyn
- Songen vart nytta i filmen Stand by Me i 1985.
- The Coasters-versjonen vart nytta i filmen Phantom of the Ritz i 1988.
- Songen var kjenningsmelodi for prateshowet til Clive Anderson Clive Anderson Talks Back i 1990-åra og opningstema i filmen The Great Outdoors.[7]
- Songen var inspirasjon og kjeningsmelodi for animasjonsserien Yakkity Yak.[8]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads