Yamuna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yamuna
Remove ads

Yamuna (sanskrit: यमुना, nokre gonger kalla Jamuna, Jamna eller Jumna) er ei elv i det nordlege India. Ho er totalt 1370 kilometer lang og er den største sideelva til Ganges.

Må ikkje forvekslast med elva Jamuna i Bangladesh.
Thumb
Ved kjelda til Yamuna i Yamunotri.
Thumb
Yamuna ved Taj Mahal i Agra

Kjelda til elva er ved Yamunotri i Himalaya, i delstaten Uttarakhand. Han renn gjennom delstatane Delhi, Haryana og Uttar Pradesh før ho munnar ut i Ganges ved Allahabad. Langs elva ligg byane Baghpat, Delhi, Noida, Mathura, Agra, Etawah, Kalpi, Hamirpur og Allahabad. Dei største sideelvane hennar er Tons, Chambal, Betwa og Ken.

Ein kanal rekna for fraktefartøy, kalla Sutlej-Yamuna Link (SYL), er under bygging vestover frå dei øvre delane av elva til regionen Punjab til dei seglbare delane nedslagsfelta til Sutlej og Indus. Dette vil knyte heile Gangesdalen til Vest-India og Pakistan. Når han er ferdig vil SYL gjere det mogeleg med skipsfart frå austkysten av India til Arabiahavet i vest og vil drastisk forkorte fraktavstandar og opne nye handelshøve for den store folkesetnaden nord i India.

Yamuna er sterkt forureina, særskild i området rundt New Delhi, hovudstaden i India, som dumpar rundt 57% av avløpa sine i elva. Sjølv om mange forsøk har vore gjort på å reinse elva, har dei så langt vore forgjeve.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads