Yang Wei
kinesisk turnar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Yang Wei (fødd 8. februar 1980) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Xiantao som vart verdsmeister i 2006 og 2007 og olympisk meister i 2008.
Remove ads
Aktiv
Wei deltok i dei olympiske leikane i 2000, 2004 og 2008. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vart han andremann i mangekampen, russaren Aleksej Nemov vart olympiameister. Fire år seinare enda Yang på sjuandeplassen i mangekampen, før han i 2008 på kinesisk heimegrunn vart olympisk meister. Både i Sydney i 2000 og i Beijing i 2008 var Wei med om å vinne gull for Kina i lagkampen. Ved leikane i Beijing sikra han seg også ein sølvmedalje i ringar.

Wei vart verdsmeister i turning i Århus i 2006 og i Stuttgart året etter. Med Kinas landslag fekk han VM-gull i 1999, 2003, 2006 og 2007. Dessutan har han vunne VM-gull i skranke i 2006. I 2003 kom Wei på andreplass i mangekamp under verdsmeisterskapen i Anaheim. Til medaljesamlinga høyrer to VM-bronsar i enkeltapparat, den eine frå 1999 i svingstang og den andre frå 2003 i hopp.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Yang Wei (gymnast)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2021.
- «Yang Wei» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads