Yanuv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Yanuv (hebraisk skrift יָנוּב, tyder Ber fram) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta nær Netanya og Tulkarm og høyrer til Lev HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 784 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd den 21. mars 1950 av ein kvutza av immigrantar frå Tunisia på landområde som hadde vore eigd av ein Nablus-effendi før den arabisk-israelske krigen i 1948.[1][2] Namnet vart teken frå Salomos ordtak 10:31: «Den rettferdiges munn ber visdom som frukt, men svikefull tunge skal skjerast av.».[1]
Delar av husa i landsbyen vart bygd med norske midlar, etter Hurum-ulukka, då over to dusin jødiske barn på veg til Israel omkom. Den einaste overlevande etter ulukka budde i Yanuv.[2] Vener av Israel i Norsk Arbeidarrørsle (VINA) samla inn pengar til ein minnestein, som er reist i moshaven.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads