Yell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yell
Remove ads

Yell er ei øy i North Isles i Shetlandsøyane i Skottland. Ho har like under 1000 innbyggjarar og er den nest største av Shetlandsøyane etter Mainland med eit areal på 212 km².[1][2]

Thumb
Den tidlegare busetnaden Bouster.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Yell har vore busett sidan yngre steinalder og ein har funne spor etter fleire rundhus (broch) frå før-norrøn tid. Den norrøne perioden varte frå 800-talet til 1300-talet, då skottane tok kontroll over øygruppa.[1] Den moderne økonomien på øya består av jordbruk (crofting), fiske, transport og turisme. Øya hevdar sjølv å vere «oterhovudstaden i Storbritannia» og har eit mangfaldig fugleliv med mellom anna storjo og tjuvjo.[3]

Av viktige bygg på øya finn ein Old Haa of Brough frå 1600-talet i Burravoe. Det var eit handelshus som no er omgjort til eit museum og vitjingssenter.[4]

Remove ads

Geografi

Yell er 31 km lang og opp mot 12 km brei. Mellom øya og Unst ligg Bluemull Sound.[5] Austsida er generelt låg og sandete, medan vestsida er meir steinete med klipper. [5] Ho har sju-åtte viker som dannar naturlege hamner.

Busetnader

Dei fleste busetnadene på Yell ligg ved kysten. Av desse finn ein Burravoe, Mid Yell, Cullivoe og Gloup, samt Ulsta, Gutcher, Aywick, West Yell, Sellafirth, Copister, Camb, Otterswick og West Sandwick.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads