Yibin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Yibin er eit byprefektur i provinsen Sichuan i det vestlege Kina. Folkesetnaden vert estimert til 5,18 millionar (2005) for heile byprefekturet, 872 000 for byområdet.

Remove ads
Geografi
Yibin ligg 200 km sørvest for Chongqing der elva Chang Jiang byrjar ferda si gjennom Sichuan, ved møtestaden for Jinsha og Min Jiang. Yibin er eit samferdselssenter som endepunkt for elvefarten og har jarnbanesamband. Ein driv utstrekt viktig handel med ris, kveite, sukker, tungolje og legemiddel.
Byen har mellom anna kjemisk, papir- og glassindustri, og produksjon av te og salt.
Kulturminne
Dei gamle bygningane ved Zhenwu Shan (daoistiske tempel frå Ming-dynastiet og anna)[1] Huangsan-klippegravene,[2] Shichengshan-klippegravene[3] frå Song- til Ming-tida, Xuanluo-hallen[4] og det tidlegare setet for det kinesiske arkitekturselskapet[5] er oppført på Folkerepublikken Kina si kulturminneliste.
Administrative einingar

Byprefekturet Yibin har jurisdiksjon over éitt distrikt (区 qū) og ni fylke (县 xiàn).
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads