Yijing

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yijing
Remove ads

Yijing ('Forvandlingsboka', også kjend som I Ching) eller Zhouyi ('Løyndomsboka') er ein av dei eldste klassiske kinesiske tekstane.[1] Nøyaktig alder på verket er ukjend, men tradisjonen plasserer byrjinga til boka på 2000- eller 1000-talet f.Kr.[2] Det eldste manuskriptet som er funne er eit ufullstendig verk frå Krigande statar-tida (475–221 f.Kr.)[3]

Thumb
Teikna i Yijing er 64 heksagram danna av ulike kombinasjonar av desse åtte trigramma.
Kjappe fakta Yijing Forvandlingsboka / Forvandlingsklassikaren, Tradisjonell kinesisk ...

Yijing er bygd opp som ei spådomsbok kring 64 heksagram med ulikt mønster. Etter kvart heksagram kjem ein kort tekst. Boka kunne brukast ved at ein ved hjelp av ulike framgangsmåtar valde eit heksagram og teksten som høyrde til. Dette kryptiske svaret måtte tolkast av ein ekspert.[4]

I tillegg til den opphavlege teksten finst også dei såkalla «ti vengene», filosofiske og moralske kommentarar tilskrivne Konfutse, men truleg sett saman på 200–100-talet f.Kr. Desse kommentarane har lagt grunnen for seinare forståing av Yijing, men legg djupare filosofiske og moralske tankar i teksten enn det han truleg var meint å ha.[4]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads