Yirka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yirka
Remove ads

Yarka (hebraisk skrift יִרְכָּא, arabisk skrift يركا[1]) er ein Arabisk drusar-landsby i Israel, i Nord-distriktet, nordaust for Akko.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Yarka er ein gammal landsby, og her er funne gamle søyler og cisterner. Clermont-Ganneau fann ein kristen, gresk inskripsjon her.[2]

I 1517 vart Yarka, i lag med resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket etter han vart erobra frå mamelukkane, og i 1596 vart han oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 174 muslimske hushaldningar og 24 ungkarar og betalte skatt for ei olivenpresse.[3]

Thumb
Hilwah (bønehus) i Yarka.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Yarka i 1875, og skreiv at «skorne steinar frå lang tid attende er nytta i bygginga av moderne hus. Kring hundre cisterner er skorne ut i berget, omkring halvparten er ikkje lenger i bruk, og syner at dette har vore ein viktig stad ein gong.»[4] I Survey of Western Palestina er Yarka skildra som ein velbygd steinlandsby busett av 400 drusarar so dyrka oliven og fiken.[5]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Yarka eit folketal på 978; 937 drusarar, 26 muslimar og 15 kristne.[6] Folketalet auka i 1931 til 1 196 med 1 138 drusarar, 46 muslimar og 11 kristne i totalt 343 busette hus.[7]

I 1945 hadde Yirka eit folketal på 1 500, med 42 452 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 5 747 dekar var plantasjar og irrigert land, 5 909 nytta for korn,[9] medan 140 dekar vart utbygd land.[10]

Remove ads

Økonomi

Ein av dei største fabrikkane i Midtausten[treng kjelde], eit stålverk bygd og eigd av familien Kadmani, ligg i Yarka. My Baby, med 11 000 hyllemeter, er den største butikken for barn i Israel.[11]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads