Yodfat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Yodfat (יוֹדְפַת), er ein moshav shitufi i Nedre Galilea, sør for Karmiel i Israel.[2] Han høyrer til Misgav regionale kommune og ligg i nærleiken av fjellkammen Atzmon, north for Beit Netofadalen. Yodfat er kalla opp etter ein by som eksisterte under Det andre tempelet med same namn. Han ligg nord for ein arkeologisk haug.[3] Yodfat vart grunnlagd i 1960 by graduates of the hebraisk Reali School of Haifa.[2]
Remove ads
Historie
Antikken

Det gamle Yodfat (Jotapata), ligg søraust for den moderne moshaven, og er nemnt i Mishna som ein festningsforsterka jødisk landsby frå tida kring Josva, som svarar til jernalderen.[4] Arkeologiske undersøkingar på staden har så langt berre funne ein liten landsby som vart grunnlagd i hellenistisk tid, mellom 200- og 300-talet fvt. Då dei hasmonske kongane strekte makta si inn i Galilea dei siste tiåra av 100-talet fvt., skjedde dei ei endring i folkesetnaden i Yodfat, og han vart busett av jødar.[5]

I det første hundreåret evt. dekte Yodfat eit område på 50 mål.[6] Han vart kringsett og øydelagd i år 67 evt., ei hending som er skildra i Josefus Flavius sitt verk om krigen mellom jødane og romarane, og det store jødiske opprøret. Den framtidige keisaren Vespasian og tre romerske legionar kringsette Yodfat, og møtte sterk jødisk motstand. Byen fall etter 47 dagar på grunn av eit forræderi, og Josefus skildrar at 40 000 jødar vart drepne og 1 200 kvinner og barn vart tekne som slavar. Yodfat vart jamna med jorda.[7]
Etter denne hendinga vart Yodfat grunnlagd på ny i nærleiken av flyktningar frå Jerusalem, mellom anna ein prestefamilie frå Miyamin.[3][4] Denne byen er nemnt i Talmud som heimstaden til rabbien Menachem av Jotapata (Zev. 110b).[3] Han blømde i 300 år til, før han igjen vart øydelagd. Etter dette låg landsbyen aude fram til 1960.
Moderne tid
Yodfat vart grunnlagd på ny i 1960 av elevar frå Den hebraiske realskulen i Haifa.[2] Han er i dag eit jødisk jordbrukssamfunn, kring 1 km nordvest for dei gamle ruinane.
Mal:Panorama
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads